Mobil databruk held fram å auke

(NPK-NTB) Databruken i det norske mobilnettet held fram å ese ut. I fjor var auken på 61 prosent, viser nye tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Den totale datatrafikken frå mobilabonnentar og abonnentar med mobilt breiband var i fjor på 103 petabyte, eller 103 milliardar gigabyte. Det er ein auke på 39 petabyte frå året før. Dette er tre gonger meir enn auken frå 2014 til 2015, ifølgje Nkoms rapport om marknaden for elektroniske kommunikasjonstenester i 2015. (©NPK)