Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Tysklands bruttonasjonalprodukt (BNP) er venta å minke med 0,2 prosent i 2024, ifølgje prognosane til styresmaktene.
Publisert: 09.10.2024 kl 17:48
Dermed ligg det an til resesjon i Europas største økonomi. Prognosen vart lagt fram av økonomiminister Robert Habeck onsdag og er ei nedjustering frå prognosar på 0,3 prosents vekst.
Prognosen er inga overrasking etter at økonomiske forskingsinstitutt nyleg nedjusterte prognosane sine til ein nedgang på 0,1 prosent.
Tyske selskap er uroa for den ustabile situasjonen i verdsøkonomien og geopolitikken, og innbyggjarane i landet tenkjer meir på å spare enn å gjere investeringar, skriv det tyske nyheitsbyrået DPA. Samtidig legg vedvarande høge renter ein dempar på investeringane.
Habeck seier han ventar ein vekst i BNP på 1,1 prosent for 2025, litt meir enn den tidlegare prognosen på 1 prosent.
I makroøkonomi er resesjon normalt definert som eit fall i eit lands BNP i to eller fleire etterfølgjande kvartal.
(©NPK)
Den tyske økonomien kan stå overfor ein resesjon, sa økonomiminister Robert Habeck onsdag. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.