Annonse

King vil ha med «bestefar» Lagerbäck vidare

Joshua King lista torsdag opp argument for kvifor han ønsker landslagssjef Lars Lagerbäck med vidare.

Framtida til svensken er ikkje avklart, men spelarane tar gjerne ei forlenging av kontrakten for 71-åringen.

- Hovudsakleg er det på grunn av fotballkunnskapen hans. Så er han som ein gammal farsfigur, ein bestefar, for mange av gutane. Og så liker eg at han ikkje bryr seg om kva media seier, sa Bournemouth-spissen.

King sat saman med Lagerbäck på podiet på Ullevaal stadion. Sjefen sjølv likte mykje av det han høyrde og innrømte at ros frå spelargruppa «betyr mykje».

Lagerbäck ventar truleg nokre veker til med å bestemme seg. Internt i Norges Fotballforbund er det god tru på at Lagerbäck skriv under på ein ny avtale.

Fredag måtte Lagerbäck kunngjere endå eit forfall til kampane mot Færøyane fredag og Malta måndag. Mohamed Elyounoussi er uaktuell.

- Han har kjenning av ein skade i foten. Han kjem til å forlate troppen i dag (torsdag), sa Lagerbäck.

Frå før var Martin Ødegaard, Stefan Johansen, Mathias Normann og Fredrik Midtsjø ute av den norske troppen.

Vrient

Noreg har ikkje tapt ein landskamp på heimebane sidan hausten 2016 og blir storfavoritt mot Færøyane, nestjumboen i gruppa. Både Malta og Færøyane har tre poeng hittil i kvalifiseringa.

Det skal skje mykje uventa for at det blir norsk andreplass i puljen og dermed EM-billett. Spania er allereie kvalifisert.

Kampen om andreplassen står i realiteten mellom Sverige og Romania. Desse møtest fredag. Svenskane avsluttar heime mot Færøyane måndag, medan rumenarane då møter Spania borte.

I mars speler Noreg semifinale (sannsynlegvis mot Serbia) i Uefas nasjonsliga. Blir det siger der og i «finalen» nokre dagar seinare, er Noreg garantert EM-spel.

(©NPK)

Landslagssjef Lars Lagerbäck og Joshua King på Ullevaal stadion torsdag før EM-kvalifiseringskampane mot Færøyane og Malta. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix