Annonse

Molde-keeper til Rio-OL

(NPK-NTB): Molde-keeper Andreas Linde er tatt ut til å representere Sverige under Rio-OL og kan med det gå glipp av fleire eliteseriekampar.

22-åringen var éin av Håkan Ericson utvalde då den svenske trenaren tok ut OL-troppen fredag. Ein tropp som må bestå av U23-spelarar, i tillegg kan tre av spelarane vere eldre. Mange drøymde om at Zlatan Ibrahimovic skulle vere ein av desse overårige spelarane, men den ferske Manchester United-spelaren utelukka seg sjølv då han trekte seg frå landslagsspel etter EM.

OL-kampane byrjar i starten av august og varer i knappe tre veker. Sverige speler sin einaste oppkøyringskamp 29. juli, og potensielt kan Linde gå glipp av fire kampar for Molde om svenskane går heilt til finalen.

Heile 52 svenske spelarar har sagt nei eller meldt avbod til OL av ulike årsaker, men Ericson meiner likevel at våre naboar stiller ein slagkraftig tropp.

– Ja, vi har brukt eit halvt år på å leggje puslespelet, med mange faktorar som har spelt inn som de veit. Utan å gå for mykje inn på det er eg stolt over å kunne presentere denne 18-mannstroppen pluss fire reservar, og det kjennest riktig ut, seier landslagssjefen på forbundets nettside.

– Vi har ein bra miks synest eg. Sju spelarar med meisterskapserfaring er veldig bra. Vi jobbar for å ta oss vidare frå gruppespelet, då er vi sikra ein plass blant dei åtte beste, påpeiker Ericson.

Sverige er i gruppe B saman med Colombia, Nigeria og Japan.

– Det er tøff motstand. Dei har merittar frå internasjonale turneringar tidlegare og har gjort det bra i OL tidlegare òg, avsluttar landslagssjefen. (©NPK)

Annonse