Klargjør siden...

Monika-tiltalt sjølvsikker i retten

(NPK-NTB): Mannen som er tiltalt for å ha drepe åtte år gamle Monika Sviglinskaja på Sotra i 2011 nekta straffskuld på alle punkt då saka starta i Nordhordland tingrett måndag.

Tiltalte Donatas Lukosevicius kom til retten med ei sjølvsikker mine og med ein teknisk rapport om drapet på åtte år gamle Monika Sviglinskaja på Sotra i 2011. Mannen er tiltalt for å ha drepe jenta under særdeles skjerpande omstende. I retten erklærte han seg ikkje skuldig.

Då den litauiske ekskjærasten til Monikas mor kom til rettslokalet heldt han opp ein teknisk rapport om moglege dødstidspunkt, før dommar Håkon Rastum las opp tiltalen.

Etter opplesinga vart det ein kort pause slik at pressefolka kunne ta ned sitt tekniske utstyr.

Den tiltalte mannen gjorde ikkje noko forsøk på hindre å bli fotografert då han iført ei grøn t-skjorte vart ført inn i rettssalen klokka 9.30.

Då mor til Monika, Kristina Sviglinskaja, kom inn i rettssalen kort tid etter, såg ho ikkje mot Lukosevicius, men stira bestemt mot dommarbordet eller mot mor si, som følgjer henne i retten saman bistandsadvokat Stig Nilsen. (©NPK)

Annonse