Annonse

Mos til Sarpsborg, Salvesen til Strømsgodset

Mustafa «Mos» Abdellaoue forlèt Strømsgodset til fordel for eliteserierival Sarpsborg 08. Samtidig går Lars-Jørgen Salvesen motsett veg.

Det opplyser klubbane fredag. 31-årige Mos har signert ein kontrakt med Sarpsborg på to og eit halvt år, medan 23-årige Salvesens avtale med Strømsgodset varer like lenge. Det vil seie ut 2021-sesongen.

Abdellaoue står med 72 eliteseriescoringar på merittlista. Tidlegare har han spelt for blant andre Vålerenga, Tromsø og Aalesund. Han har òg vore i dansk fotball, mellom anna hos FC København. I fjor hadde han mykje av æra for at Strømsgodset berga plassen og tok seg til cupfinale. Då scora han 15 mål i eliteserien og sju i cupen. I år har han slite ein del med skadar.

- Dette er utruleg herleg. Eg gleder meg sjukt til å spele fotball og møte fansen. Eg veit eg er henta for å levere målpoeng og trur spelestilen vil passe meg veldig bra, seier Mos til Sarpsborgs nettstad.

- Alle som kjenner til norsk fotball kjenner òg til Mos. Vi er trygge på at han kjem til å passe godt inn hos oss, seier sportssjef Thomas Berntsen.

(©NPK)

Mustafa Abdellaoue forlèt Strømsgodset til fordel for Sarpsborg 08. Motsett veg går Lars-Jørgen Salvesen. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix