Annonse

Mot braksiger for Modi i India

Det går mot soleklar siger for Indias hindunasjonalistiske statsminister Narendra Modi, viser dei første resultata frå valet i landet.

India er det største demokratiet i verda og over 600 millionar veljarar stemde i valet, som gjekk over heile sju dagar.

Torsdag byrja oppteljinga, og dei første resultata tyder på at Modi og partiet hans Bharatiya Janata Party (BJP) vil sikre seg eit endå større fleirtal i nasjonalforsamlinga enn ved førre val i 2014.

Dei første prognosane tyder på at BJP har sikra seg 294 av dei 542 plassane i nasjonalforsamlinga, medan det største opposisjonspartiet - Kongresspartiet leidd av Rahul Gandhi - ser ut til å måtte nøye seg med 50.

BJPs støtteparti ligg an til rundt 50 representantar, og Modi kan dermed styre vidare med over 340 folkevalde i ryggen, mange fleire enn dei 272 som blir kravd for å få majoritet i den indiske nasjonalforsamlinga.

Skuffelse for Gandhi

Valet blir dermed ein stor skuffelse for Gandhi, som hadde håpt å gå i fotspora til faren Rajiv Gandhi, bestemora Indira Gandhi og oldefaren Jawaharlal Nehru, som alle har vore statsministrar.

Valkampen var prega av harde verbale angrep, og Modi gav ved fleire høve Gandhi-familien skulda for problema i landet.

- Statsminister Narendra Modi brukte hat, vi brukte kjærleik. Det ser ut som om kjærleiken vil vinne, hevda Rahul Gandhi då han stemde 19. mai.

Indias sterke mann

Fleire kommentatorar meiner valet først og fremst var ei folkerøysting for eller imot Modi, som i månadene fram mot valet brukte konflikten med Pakistan for å styrke bildet av seg sjølv som Indias sterke mann.

Konflikten med nabolandet vart trappa kraftig opp etter at 40 indiske soldatar vart drepne i eit sjølvmordsangrep i februar. India svarte med eit luftangrep mot mål på pakistansk side av Kashmir, noko som igjen utløyste pakistanske flyangrep.

Modi blir likevel skulda for å vere ein splittande figur, mellom anna ved å nøre opp under motsetningane mellom det hinduistiske fleirtalet i landet og den muslimske minoriteten, som utgjer rundt 200 millionar menneske.

(©NPK)

Indias hindunasjonalistiske statsminister Narendra Modi ligg an til braksiger i det største demokratiet i verda. Foto: AP / NTB scanpix