Annonse

Motedesignar med kjende kundar dømd for smugling av krokodilleskinnsvesker

Ein motedesignar med kundar som Britney Spears og gjengen frå «Sex and the City» har vorte dømd til fengsel i 18 månader for smugling av krokodilleskinnsvesker.

Nancy Gonzalez vart arrestert i Cali i heimlandet Colombia i 2022 og seinare utlevert til USA.

Amerikanske styresmakter meinte at ho i fleire år hadde styrt eit nettverk av kurerar som frakta dei eksklusive handveskene hennar om bord på vanlege rutefly, produkt som enda opp i fasjonable butikkar og på motevisningar på øvste nivå.

Denne typen verksemd er brot på amerikanske lover om vern av ville dyr. Gonzales hadde ikkje alltid dei rette dokumenta, sjølv om skinn frå både kaimanar og pytonslangar kom frå oppdrettsfarmar. Både i 2016 og i 2017 fekk ho åtvaringar om manglande dokumentasjon i samsvar med dei internasjonale CITES-reglane.

Gonzalez kunne gjere avtalar med så mange som 40 passasjar på eit rutefly om å bere fire handvesker kvar i forkant av store moteoppvisningar i USA.

Ho unnskylda seg gråtande i retten måndag. Ho sa at ho angra djupt, og at hennar einaste ønskje var å gi den 103 år gamle mora ein klem.

Forsvarsadvokaten bad retten om mild behandling og karakteriserte Gonzalez som ei skild mor med to barn i Cali, ei driftig kvinne som hadde starta med å sy belte ved symaskina heime. Etter kvart vart ho eit moteikon som konkurrerte med merke som Dior, Prada og Gucci.

(©NPK)

Motedesignar Nancy Gonzalez (under paraplyen) og advokaten hennar, Andrea Lopez, utanfor rettslokalet i Miami måndag. Gonzalez vart dømd til 18 månaders fengsel for ulovleg innførsel av vesker laga av krokodilleskinn. Foto: Josh Goodman / AP / NTB