Klargjør siden...
Annonse

Mourinho signerer Wijnaldum

AS Roma og Paris Saint-Germain er samde om ein overgang for den nederlandske midtbanespelaren Georginio Wijnaldum.

Det stadfestar Roma på Twitter. Klubben opplyser ikkje om kontraktslengd.

Wijnaldum gjorde overgang til PSG i 2021 etter fem fantastiske sesongar i Liverpool, der han vann både Champions League og Premier League.

Nederlendaren har derimot slite etter overgangen til den franske hovudstadsklubben og han har berre notert seg med tre mål og tre målgivande pasningar på 38 kampar.

Wijnaldum er Jose Mourinhos femte signering denne sommaren. Frå før har dei henta Zeki Celik (Losc Lille), Paulo Dybala (Juventus), Nemanja Matic (Manchester United) og Mile Svilar (Benfica).

31-åringen har tidlegare spelt for klubbar som Feyenoord, PSV, Newcastle United, Liverpool og PSG. Wijnaldum har også notert seg med 26 mål på 86 kampar for det nederlandske landslaget.

Roma enda på 6.-plass i Serie A førre sesong, 23 poeng bak seriemeister AC Milan.

(©NPK)

Georginio Wijnaldum er klar for den italienske storklubben AS Roma. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB