Klargjør siden...
Annonse

Myanmar-kjennar om avrettingane: – Ei forferdeleg terrorhandling

Tidlegare leiar av Den norske Burmakomité, Audun Aagre, kallar avrettingane av fire politiske fangar i Myanmar for ei forferdeleg og brutal terrorhandling.

– Eg er knust over å få vite at den burmesiske militærjuntaen har avretta fire politikarar og sivilsamfunnsleiarar, skriv Aagre på Facebook.

– Ei forferdeleg og brutal terrorhandling, som må møtast av sterk internasjonal fordømming og eit politisk og økonomisk svar, skriv han vidare.

Aagre viser mellom anna til Ko Jimmy, som han sjølv kjende.

– Han var ein sentral politisk leiar heilt sidan det politiske opprøret i 1988, som delte kunnskapen sin med mange, også med meg, skriv Aagre.

– Avrettingane er desperate handlingar medan den militære leiinga er i ferd med å miste kontrollen. Til alle venner i Myanmar: Eg er verkeleg lei meg for tapet dykkar, skriv Aagre.

(©NPK)

Annonse