Myanmar vinglar mellom optimisme og mistru før valet

(NPK-NTB): Den demokratiske opposisjonen i Myanmar håpar på reint fleirtal i valet søndag. Men allereie no er mange urolege for kva som vil skje etterpå.

Opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi (70) satsar på å bli den mektigaste personen i landet etter at stemmene er talt opp, sjølv om grunnlova hindrar henne i å bli president.

Kvinna som sat 15 år i husarrest og vart tildelt Nobels fredspris i 1991, fastslo på sin siste pressekonferanse før valet at ein siger til Den nasjonale demokratiligaen (NLD) vil bety «eit stort sprang inn i demokratiet».

Men framleis fryktar mange valfusk, og det er langt frå sikkert at NLD vil greie å sikre seg reint fleirtal. Skulle partiet tape mot det militærstøtta regjeringspartiet USDP, kan reaksjonane blant vanlege folk bli kraftige.

– Dersom vi samanliknar situasjonen no og for fem år sidan, så har folk blitt fattigare, og liva deira er blitt hardare og vanskelegare, seier politisk analytikar Yan Myo Thein til nyheitsmagasinet Irrawaddy.

– Dersom valet ikkje innfrir forventningane til folk og ikkje fører til det maktskiftet som folk ønskjer, vil dei demokratiske reformene stå overfor ei stor utfordring, slår han fast. (©NPK)

Annonse