Klargjør siden...
Annonse

Mycoplasma-bakterie spreier seg i Bergen: – Berre toppen av isfjellet

Spreiing av mycoplasma-bakterie skaper bekymring i Vestland fylke. Barn, ungdom og unge vaksne er mest utsett for smitte.

Førre veke hadde Helse Bergen 30 positive testar av bakterien mycoplasma pneumonia. Det er ti fleire enn veka før.

– Den dominerer akkurat no. Det er ein bakterie som har toppane sine med fire til seks års mellomrom. Det er cirka fem år sidan vi hadde ein topp sist, seier smittevernlege Marit Voltersvik i Bergen kommune til BT.

Seksjonsoverlege Øyvind Kommedal ved Haukeland universitetssjukehus trur mørketala er store.

– Vi tenkjer at dette berre er toppen av isfjellet. Dei fleste går ikkje og testar seg for ein luftvegsinfeksjon, seier Kommedal.

Han oppmodar folk til å vere merksame på symptom og vurdere å ta ein test hos fastlegen.

FHI opplyser til BT at auken er stor i Vestland, men at førekomsten aukar i alle fylke.

Bakterien kan gi infeksjonar både i øvre og nedre luftvegar. Symptoma utviklar seg gjerne langsamt over fleire dagar til ei veke. Det er barn, ungdom og unge vaksne som er mest utsett, men vaksne kan også bli ramma.

– Dei fleste sjukdomsforløpa er milde med feber, influensaliknande symptom, hovudverk, sår hals og heshet. Tørrhoste som er meir uttalt om natta, er typisk, seier Trine Hessevik Paulsen ved FHI.

(©NPK)

Spreiing av mycoplasma-bakterie skaper bekymring i Bergen. Hovudverk, feber og sår hals er blant symptoma. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Annonse