Nadal finaleklar på walkover – stygg skade stoppa Zverev i Roland-Garros

OL-meister Alexander Zverev måtte gi seg med fæl ankelskade undervegs i det andre settet mot Rafael Nadal i semifinalen i Roland-Garros.

Tyskaren låg og vrei seg i smerter etter eit realt overtrakk. Han stønna høgt og vart frakta ut av banen i rullestol. Etter ein liten pause vart det klart at Zverev ikkje var i stand til å kjempe vidare.

Med det er Nadal klar for sin 14. finale i Roland-Garros. Spanjolen har aldri tapt ein finale han har spelt på grusen i Paris, og han jaktar på sin 22. Grand Slam-tittel. Han er mestvinnande på herresida framfor Roger Federer og Novak Djokovic, som begge har 20 kvar.

Nadal har tidlegare i turneringa uttalt at årets Roland-Garros fort kan bli hans siste. 36-åringen har den siste tida slite med fleire skadar og ser ut til å nærme seg karriereslutt.

I finalen ventar anten Casper Ruud eller kroatiske Marin Cilic, som møtest seinare fredag.

Zverev på si side har aldri vunne ein Grand Slam. Han var nærast i finaletapet for Dominic Thiem i US Open i 2020. Det er den einaste finalen han har spelt på ATPs ypparste nivå.

I strupen

Zverev gjekk rett i strupen på Nadal og braut han allereie i det første servegamet. Deretter gjekk tyskaren opp i 4–3 før den spanske gruskongen braut tilbake.

Nadal var deretter nære ved å bryte på 5–4 og med det vinne settet, men tyskaren heldt unna. Settet måtte til slutt avgjerast i eit spennande tiebreak.

Der varta begge varta opp med svært gode slag. Zverev hadde fire settballar på 6-2, men Nadal kjempa seg meisterleg tilbake og vann til slutt 10–8.

Brotfest

I sett nummer to braut dei to kvarandre totalt ni gonger. Nadal måtte vente heilt til det femte servegamet sitt før han heldt sin eigen serve.

Deretter gjekk Zverev opp i 6–5 før Nadal i sitt sjette game skulle kjempe om å få kampen til tiebreak.

I det siste poenget fall Zverev om og måtte gi seg.

(©NPK)

Alexander Zverev hyler i smerter etter eit overtrakk i Roland-Garros-semifinalen mot Rafael Nadal. Etterpå måtte han trekke seg frå turneringa. Foto: Thibault Camus / AP / NTB

Alexander Zverev fekk ein smertefull slutt på årets Roland-Garros. Foto: Michel Euler / AP / NTB

Alexander Zverev måtte gi seg med skade undervegs i semifinalen av Roland-Garros. Foto: Michel Euler / AP / NTB

Rafael Nadal er igjen finaleklar i Roland-Garros. Foto: Michel Euler / AP / NTB

Annonse