Annonse

Nakamura klar for semifinale i Carlsens turnering

Hikaru Nakamura vann òg den andre duellen mot Levon Aronian og er dermed den første spelaren som er klar for semifinale i onlineturneringa Rapid Challenge.

Rapid Challenge er del av Magnus Carlsen Chess Tour. Nakamura slo Aronian i to strake kampar, og i semifinalen ventar vinnaren av kvartfinaleoppgjeret mellom Magnus Carlsen og Wesley So.

– Eg er veldig heldig. Eg får tre fridagar, så eg har god tid til å førebu meg, sa Nakamura etter oppgjeret på måndag.

Amerikanaren fekk ein god start med siger i det første av fire hurtigsjakkparti. Deretter vart det to strake remis-parti før han vann det fjerde og sikra 3-1-siger i kampen.

Samtidig klarte Ding Liren å utlikne til 1–1 i best av 3-serien mot Yu Yangyi. Han vann opningspartiet på måndag, og deretter spelte dei to kinesarane remis i tre parti.

Dermed ventar ein tredje kamp mellom Ding og Yu onsdag.

Magnus Carlsen tok leiinga 1–0 over So då nordmannen spelte den første kampen sin i kvartfinalen søndag. Carlsen utklassa amerikanaren med 2,5-0,5.

Endå klarare utklassing vart det då Danijl Dubov slo den russiske landsmannen sin Sergej Karjakin 3–0 i den første kampen deira i kvartfinalen.

Rapid Challenge er den andre i rekkja på fem turneringar i Magnus Carlsen Chess Tour. Ytterlegare to turneringar skal spelast før sjølve finaleturneringa blir spelt frå 9. til 20. august.

(©NPK)

Hikaru Nakamura er klar for semifinale i Rapid Challenge.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix