Nær 200 land samla i Uruguay i kampen mot plastforureining

Ein delvis norsk-leidd FN-koalisjon beståande av nær 200 land samla seg måndag i Uruguay, der målet er å forhandle fram ein global avtale mot plastforureining.

Konferansen går føre seg i den uruguayanske kystbyen Punta del Este der målet for delegatane er å ta eit steg nærare den første globale avtalen for å få bukt med plastforureining.

– Vi veit alle at verda har ein stor avhengnad av plast, seier danske Inger Andersen, som leier FNs miljøprogram (UNEP).

Koalisjonen, som er leidd av Noreg og Rwanda, har namnet The High Ambition Coalition to End Plastic Pollution. Den vart danna på bakgrunn av eit FN-vedtak i mars om å setje i gang forhandlingar om ein bindande internasjonal avtale om plastforureining.

Dette vedtaket vart rekna som det største framsteget innan klimadiplomati sidan Parisavtalen i 2015. Ein internasjonal komité skal forhandle fram detaljane i avtalen, og målet er at han skal vedtakast på FNs neste miljøforsamling i 2024.

Møta i Uruguay skal vare i fem dagar og er dei første stega i forhandlingane. Det er planlagt ytterlegare fire slike møte.

(©NPK)

Dei første stega mot ein internasjonal bindande avtale mot plastforureining blir tatt under FN-møte i Uruguay denne veka. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB