Klargjør siden...

Nærare 4000 evakuerte etter uvêret Hans

Opp mot 4000 menneske er no evakuerte frå heimane sine på Austlandet.

Til saman er omtrent 3885 personar evakuerte grunna flaum og ras, skriv NRK.

Blant dei er cirka 1000 personar frå Ål og 1714 frå Hønefoss. Talet på evakuerte passerte 3000 onsdag.

NRK skriv at eit er noko uvisse rundt tala, då nokon har fått flytte heim og andre vorte evakuerte.

DSB har sett inn fleire helikopter i redningsinnsatsen. Totalt er tolv helikopter i beredskap, i tillegg kjem politiet og Forsvarets eigne helikopter.

(©NPK)

Nærare 4000 menneske har vorte evakuerte som følgje av uvêret Hans. I Hallingdal held eit helikopter eit årvake overblikk over situasjonen frå lufta. Foto: Frederik Ringnes / NTB

Annonse