Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Styresmaktene i Ecuador seier dei har stoppa ein narkoubåt med eitt tonn kokain om bord ved Galápagosøyane. Tre personar er arresterte.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 07:46
Den delvis nedsenkte båten vart stoppa ved øya Genovesa, nord i Galápagos, rundt 1.000 kilometer frå Ecuadors fastlandskyst. Det var eit skip frå kystvakta som stoppa ubåten, og operasjonen vart gjennomført i samarbeid med colombiansk politi, opplyser sikkerheitsminister Diego Fuentes i Ecuador.
Nyleg opplyste styresmaktene i Ecuador at dei beslagla 265 tonn narkotika, hovudsakleg kokain, i dei tre første månadane i år. Brorparten av det som vart beslaglagt, var tiltenkt den internasjonale marknaden. Ecuador blir rekna som fritt for narkoavlingar, men blir brukt som transittland for narkotika og produksjonsutstyr.
I 2014 vart det beslaglagt 61,4 tonn narkotika. Året før var talet 57,4 tonn. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.