Nasa-fartøy trefte asteroide i test av planetforsvar

Nasas fartøy Dart trefte natt til tysdag norsk tid asteroiden Dimorphos. Det kan bety at jorda i framtida kan vere i stand til å redde seg sjølv frå kosmiske objekt med kurs mot planeten.

Formålet med forsøket er å sjå om ein kan endre ein asteroides kurs ved å sende eit romfartøy inn i han i høg fart.

Manøveren blir sett på som ei avgjerande prøve på vår evne til å stoppe kosmiske objekt frå å øydeleggje livet på jorda.

– Treff er stadfesta for dei første planetariske forsvarstestoppdraga i verda, stod det skrive på Nasas direktesending, medan ingeniørar og forskarar frå romfartsorganisasjonen braut ut i jubel.

Trefte i rasande fart

Romskipet Double Asteroid Redirection Test (Dart) vart skoten opp frå California i november i fjor. Det trefte asteroiden med ein fart på rundt 23.000 kilometer i timen.

Testen synest å ha vore vellykka, men det kan ta opptil eit par månader før ein veit kor endra kurens til asteroiden eventuelt har vorte.

– Så vidt vi kan sjå, var vår første test av planetarisk forsvar ein suksess. Eg synest jordbuarar kan sove betre. Eg kjem definitivt til å gjere det, sa Nasas Elena Adams på ein pressekonferanse etterpå, til jubel i rommet.

Ønskjer å endre bane

Verken den vesle månen Dimorphos eller storebroren den går i bane rundt, Didymos, utgjer nokon trussel når paret passarar sola, på det næraste over 11 millionar kilometer frå jorda.

Men eksperimentet er av Nasa rekna som viktig å gjennomføre før eit faktisk behov melder seg.

Ved å treffe Dimorphos er håpet å skyve han inn i ei mindre bane, og kutte ti minutt av tida det tek å krinse rundt Didymos. Det høyrest ikkje ut som så mykje, men forskarane understrekar at det vil utgjere ein stor forskjell over fleire år.

– Det er no forskinga startar. No kjem vi faktisk til å sjå kor effektive vi har vore, sa Lori Glaze, som leier Nasas avdeling for planetarisk forsking.

Fortrinn over dinosaurane

Ekspertar på såkalla planetarisk forsvar føretrekkjer heller å styre ein truande asteroide eller komet ut av kurs, om dei får nok tid, enn å sprengje han og skape massevis av mindre delar som kan treffe jorda.

Nasa trur det kan krevjast fleire fartøy som treffer asteroidane, eller ein kombinasjon av slike fartøy og ikkje enno oppfunne fartøy som bruker eigen gravitasjon for å bøye av asteroidane.

– Dinosaurane hadde ikkje eit romprogram for å gjere dei klare over kva som kom, men det har vi, sa klimarådgivar Katherine Calvin i Nasa, med tilvising til masseutryddinga av dinosaurane for 66 millionar år sidan, som blir rekna for å ha vorte forårsaka av ein stor asteroide, fleire vulkanutbrot, eller ein kombinasjon av dei to faktorane.

(©NPK)

Nasas romfartøy Dart trefte asteroiden Dimorphos natt til tysdag norsk tid. Manøveren blir sett på som ei avgjerande prøve på evna vår til å stoppe kosmiske objekt fra å øydelegge livet på jorda. Foto: ASI / Nasa via AP / NTB

Slik såg det ut på Nasas direktesending då Dart trefte Dimorphos. Foto: ASI / Nasa via AP / NTB

Annonse