Klargjør siden...

NASA har publisert første fargefoto frå romteleskop

Romteleskopet James Webb har avdekt det djupaste infraraude biletet av det tidlege universet og ser tilbake meir enn 13 milliardar år ifølgje NASA.

Biletet er fylt med tusenvis av galaksar og inneheld dei mest fjerntliggjande objekta som nokon gong er observerte. Med dette biletet vart innsikta til forskarane i universet kraftig utvida.

På det innhaldsrike biletet er det hundrevis av flekker, stripar, spiralar og virvlar i kvitt, gult, oransje og raudt, men det er berre «ein liten flekk av universet», fortel Nasa-sjef Bill Nelson.

Det vart vist for første gong på eit arrangement i Det kvite hus, og president Joe Biden hylla biletet som ein historisk augneblink for vitskap og teknologi.

– For astronomi og romutforsking. Og for Amerika og heile menneskeslekta, tvitrar han.

Beundring og glede

Delar av biletet viser lys som vart danna ikkje lenge etter Big Bang, som var 13,8 milliardar år sidan.

Like før Biden viste fram biletet, såg han på det med beundring og sa at det viste «det eldste dokumenterte lyset i universets historie frå over 13 milliardar – la meg seie det igjen – for 13 milliardar år sidan. Det er vanskeleg å fatte».

Det vart også viste bilete av ein gigantisk gassplanet utanfor vårt solsystem, to bilete av galaktisk tåke der stjerner blir fødde og døyr og eit av fem tett samanslynga galaksar som dansar rundt kvarandre.

– Fantastisk! Galaksar på galaksar på galaksar, seier Jonathan Lunine ved Cornell University til nyheitsbyrået AFP og uttrykkjer ei glede som mange i det globale astronomimiljøet truleg deler.

– Sjølv om dette på ingen måte er det lengste Webb kan sjå, er dette det djupaste biletet som nokon gong er teke, og det viser krafta til dette oppsiktsvekkjande teleskopet: enorm sensibilitet, eit breitt spekter av bølgjelengder og sylskarpe bilete, seier Lunine.

Parkert i verdsrommet

Teleskopet er parkert i verdsrommet, godt og vel 1,5 millionar kilometer frå jorda, ved det såkalla L2-punktet. I sommar brukar det dei infraraude instrumenta sine for å sjå meir enn 13,5 milliardar år tilbake i tid, mot den første galaksegenerasjonen som vart danna etter Big Bang.

James Webb skal halde seg på linje med jorda idet planeten går rundt sola, slik at solskjoldet kan verne teleskopet mot varmen og lyset. Den store parasollen kan i utgangspunktet berre gi effektivt vern dersom sola, jorda og månen peikar i same retning.

Hubble-teleskopet, som i si tid var banebrytande på feltet, er sensitivt nok til å sjå hendingar i verdsrommet omkring 500 millionar år etter det store smellet.

Etterfølgjaren James Webb kan sjå endå lenger inn i fortida. Forskarane håpar å kunne observere forholda 200 millionar år etter byrjinga til universet.

(©NPK)

Bilete frå NASA viser galakseklynga SMACS 0723 og er fanga av romteleskopet James Webb. Dette er det første bilete frå dette teleskopet, som er laga for å sjå langt tilbake i tid. Foto: NASA / Esa / CSA via AP / NTB

President Joe Biden seier det er ein historisk augneblink å kunne vise fram det første biletet frå Webb-teleskopet. Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Annonse