Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Babylykka er stor i Indonesia der eit sumatranashorn er fødd i eit reservat for den sterkt utryddingstrua arten.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 10:13
– Vi har ikkje slutta å smile etter at vi vart sikre på at ho var i live og frisk, seier direktør Susie Ellis i organisasjonen International Rhino Foundation.
I heile verda er det ikkje fleire enn cirka hundre sumatranashorn igjen. Arten er trua av avskoging og krypskyttarar, som prøver å få tak i horna deira.
Nashorn-babyen som no har auka bestanden med 1, kom til verda torsdag i eit reservat på øya Sumatra. Mora, Ratu, fekk ein son i 2012, og han var det første sumatranashornet som var fødd i fangenskap i Indonesia på 124 år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.