Annonse

Nasjonalgarden på plass i Philadelphia

Nasjonalgarden har komme til Philadelphia, der det har vore demonstrasjonar og opptøyar etter at politiet måndag skaut og drap ein psykisk sjuk svart 27-åring.

Butikkar og minibankar vart plyndra under opptøyane, men det nattlege portforbodet vart oppheva etter to netter. Sidan har det vore roleg i byen.

Borgarmeisteren i byen har likevel bede nasjonalgarden om å hjelpe til «i den noverande situasjonen og under valførebuingane».

Uroa braut ut etter at den 27 år gamle Walter Wallace jr. vart treft av 14 skot då han, ifølgje politiet, ikkje etterkom ein ordre om å leggje frå seg ein kniv.

Mora og kona til den drepne, som kort tid før hadde tilkalla helsepersonell, var begge vitne til drapet.

(©NPK)

Nasjonalgarden er på plass i Philadelphia, der det tidlegare i veka var opptøyar etter at politiet drap ein psykisk sjuk svart mann. Foto: AP / NTB