Annonse

Nationen: Kjøtt som kan innehalde salmonella, selt ei rekkje stader

Kjøttprodukt som inneheld salmonellabakteriar, kan vere selde i store delar av landet, ifølgje dokument Nationen har fått innsyn i.

Ifølgje avisa har 4.000 kilo kjøtt måtta kastast, og dessutan at store mengder kjøtt har vorte henta frå ei rekkje utsalsstader.

Ifølgje Nationen dreier det seg om frose storfekjøtt importert frå Namibia. Ei liste avisa har fått innsyn i, viser at åtte ulike kjøttprodukt er selde til nærare 30 utsalsstader i Oslo, Bergen og Drammen, det meste kebab. Det er likevel uklart om alt kjøtt inneheld salmonella.

Administrerande direktør Lars Person i GPS Food Group, som importerte kjøttet, opplyser at det var testa for salmonella av namibiske styresmakter.

– Både vi og eksportøren i Namibia er derfor svært interesserte i å få klarlagt alle sider av denne saka og prøve å finne svar på om og korleis salmonella kan finnast i dette partiet, skriv han i ein e-post.

Noko av kjøttet er selt vidare til Fatland. Kommunikasjonsansvarleg Stine Rørvik stadfestar ifølgje Nationen at selskapet er involvert i saka.

– Vi fekk garantiar om at storfekjøttet var fritt for salmonella, seier ho.

Ho opplyser at saka blir følgd opp i tett dialog med Mattilsynet.

Nyleg vart det kjent at fleire typar spekjevarer frå Pers Kjøkken blir trekt tilbake fordi det er påvist salmonella i kjøttvarer som er brukte i desse produkta. Nationen erfarer at desse produkta inneheld storfekjøttet som det er påvist salmonella i.

(©NPK)