Klargjør siden...

Nato får truleg etterretningssjef

(NPK-NTB): Nato er i ferd med å oppretta ei stilling som «etterretningssjef» for forsvarsalliansen.

– Nato har allereie mykje på plass når det gjeld å samla inn, behandla og dela etterretningsinformasjon, seier NATO-sjef Jens Stoltenberg til pressa i Brussel.

– Men vi ser no på om vi kan styrkja det arbeidet gjennom å innføra ein eigen visegeneralsekretær for etterretning. Vi er ikkje heilt i mål, men eg ser for meg ei semje før toppmøtet, seier han om den store samling til Nato i Warszawa i byrjinga av juli.

Planen er at ein slik etterretningssjef skal gå inn i eit team av fleire visegeneralsekretærar under Stoltenberg og syta for meir systematisk deling av informasjon. (©NPK)

Annonse