NATO-land brukar litt meir på forsvar

(NPK-NTB): NATO-landa brukar litt meir pengar på forsvar igjen. Men vi er ikkje der vi bør vera, seier NATO-sjef Jens Stoltenberg.

– Biletet er blanda, men det har blitt litt betre, seier NATO-sjef Jens Stoltenberg.

– 2015 var det første året på lenge at vi såg ein liten auke i pengebruken, og overslaget for 2016 viser ein ytterlegare auke. Det er oppmuntrande, seier Stoltenberg om eit samla vekstoverslag for alliansen på rundt 1,5 prosent i år.

Dei 28 NATO-landa blei samde på eit toppmøte i Wales for to år sidan at alle landa skal bruka 2 prosent av bruttonasjonalprodukt på forsvar innan 2024.

Berre fem NATO-land er på 2 prosent i dag. Noreg ligg på rundt 1,5 prosent. Når Ine Eriksen Søreide (H) og dei andre forsvarsministrane i alliansen møtest i Brussel denne veka, vil kvar og ein av dei bli konfrontert i plenum med ein «fargerik» plansje over korleis dei ligg an.

– Vi er langt frå der vi bør vera. Vi må gjera meir, seier Stoltenberg til pressa.

Amerikanarane køyrer no tungt på prosentkravet. Washington insisterer på at Europa må ta større ansvar for sin eigen tryggleik etter at amerikanarane har bore dei tyngste børene i årevis.

– Wales-lovnaden blir følgt opp av USA i alle samanhengar no, seier ein NATO-diplomat. (©NPK)

Annonse