Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det neste møtet i Nato-Russland-rådet blir halde 13. juli i Brussel, opplyser Jens Stoltenberg.
npk@npk.no
Publisert: 06.07.2016 kl 16:49
– Vi har bestemt saman med Russland å halde eit møte i Nato-Russland-rådet på ambassadørnivå, opplyser NATOs generalsekretær i ei fråsegn onsdag ettermiddag.
Dermed skjer det lenge varsla møtet som venta etter NATO-toppmøtet som startar i Warszawa fredag.
Stoltenberg har tidlegare gjort det klart at alliansen jobba for eit treff med russarane før toppmøtet i den polske hovudstaden fredag og laurdag. Men tidlegare i veka opplyste NATO-sjefen at det ikkje var mogleg å bli einig med Russland om tidspunkt før toppmøtet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.