Klargjør siden...
Annonse

Stoltenberg varslar kraftig opptrapping av Natos reaksjonsstyrke

Nato har planar om å drastisk utvide hurtigreaksjonsstyrken sin til over 300.000 soldatar, opplyste generalsekretær Jens Stoltenberg måndag.

Nyheita kom på ein pressekonferanse med Stoltenberg i Brussel måndag, dagen før Nato-landa skal samlast til toppmøte i Spanias hovudstad Madrid.

Der er det venta at dei allierte blir samde om ei kraftig opptrapping av Natos hurtigreaksjonsstyrke (NRF), som for tida består av 40.000 soldatar.

– Overhaling

Målet er at talet på styrkar som kan mobiliserast til hurtig innsats, skal aukast til 300.000, kunngjorde Stoltenberg måndag.

I tillegg skal Nato utplassere større mengder utstyr på austflanken til alliansen, og kampgruppene i aust vil oppgraderast til brigadenivå.

– Til saman utgjer dette den største overhalinga av vår felles avskrekking og forsvar sidan den kalde krigen, sa Stoltenberg.

Kjem til å koste

Frå før har Stoltenberg varsla at fleire av Natos styrkar vil øyremerkjast til å forsvare territorium i Aust-Europa, sjølv om dei ikkje nødvendigvis held til der.

– Desse troppane vil øve saman med heimlege forsvarsstyrkar. Dei vil bli kjende med lokalt terreng, fasilitetar og dei nye førehandslagera våre, slik at dei kan svare raskt og saumlaust på alle naudssituasjonar, sa Stoltenberg.

Han understreka at allierte må vere villige til å investere meir for å kunne realisere desse planane.

(©NPK)

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg held pressekonferanse før toppmøtet i Madrid denne veka. Foto: Olivier Matthys / AP / NTB

Annonse