Annonse

Nav ber arbeidsgivarar opne dørene for ukrainarar

Sju prosent av dei 76.000 arbeidsledige i Noreg er ukrainarar. No ber Nav arbeidsgivarar om å opne opp døra og gi dei ein sjanse.

– Det er avgjerande at flest mogleg ukrainarar kjem i arbeid. Det er det som skaper inkludering og integrering i samfunnet. Det er det som gir flyktningane høve til å utvikle samfunnsforståing og språk i Noreg, seier Nav-sjef Hans Christian Holte til Aftenposten.

Dersom flyktningar ikkje får arbeid, vil dei etter kvart belaste sosialbudsjetta til kommunane. Holte ber arbeidsgivarane vere medvitne om ansvaret sitt og spørje seg kva dei kan gjere for å få sysselsett så mange som mogleg.

– Mange bransjar treng menneske. Sjølv om matchen ikkje er perfekt, er oppmodinga mi å sjå på kva som skal til for at dei kan bidra i helse- og omsorgssektoren og andre sektorar med openberr mangel på folk, seier Holte vidare og påpeikar at det er innført eigne kurs for helsepersonell.

Generelt sett har Navs introduksjonsprogram vorte meir yrkesretta, og deltakarane kan få delar av språkopplæringa i arbeidspraksis. Regjeringa lempa også før jul på krava til ukrainske yrkessjåførar, slik at dei raskare kunne komme seg ut i jobb.

Karriererettleiar Trine Lise Lyng i Joblearn er blant dei som arrangerer jobbkurs for Nav-søkjarar. Ho beskriv ukrainarane som pliktoppfyllande.

– Dei kjem med mykje kompetanse. Dei kjem med mykje erfaring. Dei treng hjelp av oss til å overføre kompetansen til norske forhold, seier ho til Aftenposten.

(©NPK)

Nav ber arbeidsgivarar om å opne opp døra og gi ukrainske jobbsøkjarar ein sjanse.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK