Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Før godtok Nav så å seie alle sjukmeldingar. No kontrollerer Nav rundt 100 sjukmeldingar i veka – berre i Trondheim. Ofte endar det med at den sjukmelde må tilbake i delvis jobb.
npk@npk.no
Publisert: 21.01.2016 kl 09:26
Nav avslører også meir juks enn tidlegare:
– Etter at vi kom meir på bana, ser vi at arbeidsgjevarar oftare melder frå om skulk og juks, altså folk som seier dei er sjuke, men som ikkje er sjuke, seier Torkild Sitter, rådgjevande overlege ved Nav Sør-Trøndelag til Adresseavisen.
Alle sjukmelde skal i aktivitet etter åtte veker, med mindre det er «tungtvegande medisinske grunnar» eller umogleg å legge til rette arbeidet.
– Talet varierer, men vi etterprøver rundt 100 sjukmeldingar i veka i Trondheim. Nav-saksbehandlarar og Nav-legar går kvar veke gjennom alle som nærmar seg åtte vekers sjukmelding. I mange tilfelle der vi vurderer at det ikkje er medisinsk grunnlag for å vere heilt borte frå jobb, blir sjukmeldinga gjort gradert, seier Sitter.
Nav Nord-Trøndelag begynte også å skjerpe praksisen i fjor vår:
– Sidan då har talet på varslar om stopp i sjukepengeutbetalinga auka med fire gonger, seier Vegard Rydningen, fylkesdirektør i Nav Nord-Trøndelag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.