Klargjør siden...

Nav melde dagpengesvindel for 41 millionar kroner

(NPK-NTB): Nav har meldt 478 personar til politiet for trygdesvindel mellom januar og april i år. Flest blir melde for svindel av dagpengar.

283 personar er melde til politiet for å ha svindla til seg dagpengar for til saman 41,3 millionar kroner. Dagpengar toppar dermed statistikken over svindelsaker. Det totale omfanget av svindelsaker utgjer nærare 100 millionar kroner.

– Dei som gir feil opplysningar til Nav, bør vere klare over at kontrollane våre er blitt betre og meir målretta. Å svindle til seg trygd er knytt til risiko, seier arbeids- og velferdsdirektør Vågeng.

316 personar er melde til politiet for å ha jobba meir enn dei har opplyst, og dermed fått utbetalt meir i stønad enn dei har rett til. Hittil i 2016 dreier det seg om 50,7 millionar kroner.

Fleire enn tidlegare er melde til politiet for svindel av sjukepengar. 68 personar vart i dei fire første månadane melde til politiet for å ha svindla Nav for til saman 14,8 millionar kroner av denne stønaden. Av desse 68 personane er 14 melde til politiet for medverking.

Hittil i år har Nav meldt 46 personar for arbeidsmarknadskriminalitet. Den største av desse sakene gjeld trygdesvindel for i overkant av 1,7 millionar kroner. Personen skal ha unndratt skatt og drive omfattande næringsverksemd samtidig som han tok imot sjukepengar og arbeidsavklaringspengar. (©NPK)

Annonse