Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
For å unngå å ta vekk fokuset frå kampen mot rasisme planlegg den nordamerikanske basketligaen NBA å skrive «Black lives matter» på banane.
oddvar.sagbakken.saanum@ntb.no/hakon.remoy@npk.no
Publisert: 30.06.2020 kl 08:56
Det opplyser kjelder til Disney-eigde ESPN.
NBA-sesongen vart sett på pause som følgje av koronapandemien 11. mars, men planlegg å starte opp att 30. juli. Kampane skal spelast i tre ulike arenaer i eit Disney-eigd anlegg i Orlando.
Spelarar i ligaen har insistert på at kampen for likestilling og sosial rettferd skal vere ein sentral del når NBA startar opp igjen. Fleire spelarar har vurdert å droppe sesongavslutninga.
Leiaren av spelarorganisasjonen NBPA, Oklahoma City Thunders Chris Paul, har tidlegare opplyst at spelarane skal kunne skrive personlege bodskapar på drakta når sesongen startar opp att.
Også i kvinnenes WNBA blir det diskutert tilsvarande løysingar. Fleire spelarar i ligaen har allereie bestemt seg for å stå over den komande sesongen.
(©NPK)
Leiaren av spelarorganisasjonen Chris Paul har opplyst at spelarane skal kunne skrive personlege bodskapar på drakta når sesongen startar opp att. Foto: AP Photo / Nam Y. Huh /NTB scanpix