Nederland planlegg to nye atomkraftverk

Nederland skal byggje to nye atomkraftverk som regjeringa seier vil gjere landet mindre avhengig av fossile drivstoff.

Dei to atomkraftverka skal byggjast ved byen Borssele sør i landet og skal etter planen stå ferdig i 2035. Då skal dei stå for opp til 13 prosent av Nederlands straumforbruk, ifølgje statsminister Mark Rutte.

Rutte seier at atomkrafta vil redusere utsleppa av drivhusgassar og gjere landet mindre avhengig av landa som fossile drivstoff kjem frå.

Nederlands einaste kjernekraftverk som er i drift for produksjon av straum, ligg ved Borssele, like ved grensa til Belgia.

Atomkraft har vore eit sensitivt tema i Nederland. Men i dei siste åra har det vorte meir akseptabelt i nokre krinsar som eit bidrag til å redusere CO2-utslepp.

(©NPK)