Annonse

Nederlandsk spurtsiger i Giro d'Italia

Nederlandske Koen Bouwman spurta best og vann den 19. etappen av sykkelrittet Giro d'Italia fredag. Sveitsiske Mauro Schmid tok andreplassen.

Ei gruppe forma seg i tet og med rundt ei dryg mil igjen var det rett under sju minutt ned til hovudfeltet. Den kuperte etappen skulle avsluttast opp ei bratt stigning, og ingen i kvintetten stakk. Dermed måtte det avgjerast i ein spurt der Bouwman vann føre Schmid (Quick-Step). Bouwman vann også den sjuande etappen tidlegare i rittet.

Italienske Alessandro Tonelli (Bardiani) trilla inn til tredjeplass.

Samanlagtleiar Richard Carapaz (Ineos) mista undervegs på etappen sin hjelperyttar Richie Porte. Australiaren måtte gi seg etter 70 kilometer, og vil dermed ikkje vere til stades for å hjelpe Carapaz på laurdagsetappen som inneber fleire tøffe stigningar.

Porte har tidlegare uttalt at dette var hans siste giro-deltaking. 37-åringen har vore ein sentral del av Ineos (tidlegare Sky) og Trek-Segafredo i løpet av karrieren sin.

Carapaz leiar med tre sekund ned til australske Jai Hindley framfor dei to siste etappane. Mikel Landa følgjer deretter 1.05 minutt bak.

Rittet blir avslutta søndag med ein tempoetappe i Verona.

(©NPK)

Koen Bouwman vann den 19. etappen av Giro d'Italia. Foto: Massimo paolone / LaPresse via AP / NTB