Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Anton Joore blir Trond Fredriksens trenarassistent i Aalesund, melder Sunnmørsposten.
npk@npk.no
Publisert: 17.08.2016 kl 15:09
Nederlendaren erstattar Karl Oskar Fjørtoft, som blei fjerna frå stillinga.
– Han har ikkje skrive under enda, men han har sagt ja. Det betyr mykje for oss å få dette på plass no, seier Trond Fredriksen til Sunnmørsposten.
Det står att berre tre månader igjen av den norske sesongen. Lokalavisa spør om det er «ideelt med berre tre månader på å bli kjent med AaFK og norsk fotball».
– Det kan ein diskutere, men på ei anna side er det fint å få to nye auge inn i gruppa som kanskje ser ting litt annleis. Så må ein ikkje gløyme at vi er 20 andre her som veit godt kva som skjer i eliteserien. Eg trur dette kan bli ei god løysing, svarer Fredriksen.
62 år gamle Joore har lang erfaring gjennom ulike trenar- og teknisk direktørjobbar i Nederland, Qatar, Kasakhstan, Litauen, Latvia og Estland.
Som spelar var Joore innom klubbar som Nijmegen og Waalwijk.
Aalesund har slite denne sesongen. Laget ligg på kvalifiseringsplass etter at 20 av 30 rundar er gjennomført. Med 19 poeng har laget to poeng ned til Stabæk under streken. Det er kort veg til laga over kvalikplass. Bodø/Glimt ligg poenget føre, mens Både Lillestrøm og Tromsø har 21 poeng. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.