Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Nei til EU vil anke dommen frå Oslo tingrett måndag der staten vart frifunnen for å ha brote Grunnlova i saka om EUs energibyrå Acer.
vaktsjef@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 25.11.2021 kl 13:45
Dommen til tingretten i Acer-saka konkluderte med at Grunnlova ikkje vart brote då Stortinget vedtok EUs tredje energipakke i 2018.
Nei til EU meiner derimot at avståinga av norsk suverenitet til EUs energibyrå og EØS-tilsynet Esa er i strid med Grunnlova og ikkje kan vedtakast med vanleg fleirtal.
Onsdag kveld vedtok derfor organisasjonen på eit ekstraordinært styremøte å anke dommen inn for lagmannsretten.
Nei til EUs leiar Roy Pedersen meiner tingretten går langt i å avskrive den domstolskontrollen som Høgsterett opna opp for ved at Nei til EU fekk reise søksmålet.
– Dette handlar om at domstolen gjer ein eigen uhilda vurdering og ikkje berre legger eit vanleg stortingsfleirtals eigen praksis til grunn, seier Pedersen i ei pressemelding.
Han meiner at vurderingane til tingretten einsidig er til gunsten til staten, og at det er lite å finne igjen i dommen av Nei til EUs vitneførsel og argument.
Det var i november 2018 Nei til EU stemna staten. Staten vann fram både i tingretten og lagmannsretten når det gjaldt spørsmålet om at saka ikkje kunne fremjast for domstolane
I mars 2021 fekk likevel Nei til EU medhald frå Høgsterett i at saka kunne fremjast. Forhandlingane gjekk for Oslo tingrett mellom 1. og 5. november og enda altså med ein dom i Nei til EUs disfavør.
Ifølgje Pedersen opplever organisasjonen ei kraftig støtte for søksmålet og for at saka blir ført vidare. Ein innsamlingsaksjon er i gang for å dekkje kostnadene med anken.
(©NPK)
Nei til EU ankar avgjerda i Oslo tingrett i saka mot EUs energibyrå Acer. Tingretten konkluderer med at Grunnlova ikkje vart broten då Stortinget vedtok EUs tredje energipakke. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB