Her overvinn Tande nervøsiteten i Vikersund: – Det var eufori og pur glede

Daniel-André Tande var usikker på om han ville klare å hoppe, men landa på 222 meter i treningsomgangen framfor skiflygings-VM i Vikersund torsdag.

Nokre timar i forkant av treningshoppet stilte ikkje Tande til pressetreff. Kongsberg-guten var rett og slett ikkje klar for å la seg intervjue framfor comebacket i skiflyging etter skrekkfallet i Planica for eit år sidan.

Då den første treningsomgangen vart gjennomført var likevel lysluggen på plass i startfeltet. Kongsberg-guten gjorde eit strålande hopp på 222 meter. På sletta såg 28-åringen jublande glad og letta ut.

– Det var nervøst, sjølvsagt. Eg kjende meg nokolunde kald heilt til eg hadde sleppt bommen. Då var det ingen veg tilbake, og då var det berre å køyre på, sa Tande til pressa etterpå.

Etter hoppet kom òg kjenslene.

– Det var eufori, eller kva ein kallar det. Det var pur glede. Det var herleg. Adrenalinrush og glede i blanding, sa hoppstjerna.

No er han klar for VM-renna på heimebane. Kvalifiseringa er seinare torsdag.

– Det første hoppet er alltid det verste, så no kan eg kose meg, sa Tande.

Landslagskollega Robert Johansson var blant dei som tok imot kameraten på sletta etter comebackhoppet. Då venta ein god klem.

Nervar

Landslagssjef Bråthen opplyste i forkant at Tande hadde hatt behov for ein litt anna opplading enn normalt som følgje av det som skjedde i Planica i mars i fjor. Der tippa han rundt i skiflygingsbakken og hamna i kunstig koma med brekt kragebein og punktert lunge. Han var òg utan puls eit par minutt etter skrekkfallet.

– Det er vanskeleg for meg å uttale meg om, men eg reknar med at han er nervøs i dag, seier lagkamerat Johann André Forfang til NTB.

Tande vann i Holmenkollen sist helg og fekk dermed ei kjempeoppleving framfor skiflygings-VM.

Landslagssjef Bråthen meinte det var nærast umogleg å beskrive kva Tande kjenner rundt å skulle hoppe skiflyging igjen for første gong sidan ulykka.

– Eg kan berre seie noko om korleis det ville vore for meg, og eg ville nok hatt ei ganske stor grad av nervar. Men samtidig, denne bakken er Daniel veldig komfortabel med, og forholda ser fine ut, sa han til NTB, før han la til:

– Eg håpar Daniel er trygg nok til ikkje å gjere det (hoppe) viss det kjennest feil.

Tande overvann likevel eigen nervøsitet og synest klar for helgas konkurransar.

Gullgrossist

Lengst i den innleiande treningsomgangen på torsdag var slovenske Domen Prevc. Han landa på 242 meter. Forfang var lengst av dei norske med 233.

Tande er blant fleire norske medaljehåp før meisterskapen på heimebane. Han vart verdsmeister individuelt i Oberstdorf i 2018 og har òg bidrege til tre laggull i skiflyging.

Med sigeren i Holmenkollen har han òg bevist at han er tilbake i verdstoppen under eit år etter den stygge ulykka i Slovenia.

Det skal hoppast individuell konkurranse over fire omgangar i 240-meterbakken i Vikersund fredag og laurdag, medan lagkonkurransen går søndag.

Verdsrekorden i skiflyging vart sett i Vikersund av austerrikaren Stefan Kraft i 2017. Då sveva han heile 253,5 meter.

(©NPK)

Daniel-André Tande under torsdagens trening i før VM i skiflyging. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Daniel-André Tande under trening i Vikersundbakken før VM i skiflyging. Foto: Terje Bendiksby / NTB