Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ritzau): Ein dansk ekspedisjon har funne vraket av ein tysk ubåt frå første verdskrigen på havbotnen utanfor Esbjerg.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 07:47
Det hittil ukjente vraket vart funne då ekspedisjonen skanna havbotnen. Om bord på ubåten er det 18 intakte miner og seks torpedoar.
– Det er eit svært usedvanleg funn. Vi er jo jydar – og vi er svært beherska – men vi synest sjølv at det er eit godt funn. Det er fantastisk å oppdage ny historie, og dette er ein spennande historie som vi vil fortelje på museet, seier Gert Normann Andersen. Han er direktør ved Sea War Museum Jutland og i selskapet JD-Contractors, som stod bak ekspedisjonen.
Vraket vart funne i samband med opptak til eit dansk TV-program om historie og vitskap. Ifølgje Andersen er det snakk om den tyske ubåten UC30, som gjekk ned med heile mannskapet på 23 mann i 1917. Tidlegare har det vore antatt at ubåten sokk ein heilt annan stad, og derfor har ikkje vraket blitt funne før no.
På grunn av den eksplosive lasta om bord, er det innført forbod mot å ankre, fiske og dykke ved vraket, som ligg på 17 meters djup, 8– 10 kilometer vest for byen Esbjerg. Danske styresmakter skal no avgjere om vraket skal sprengjast eller om minene og torpedoane kan desarmerast på trygt vis. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.