Nesten full stopp i flyktningstraumen over Egearhavet

(NPK-NTB-DPA-AFP): Medan flyktningstraumen til dei greske øyane nærmast har stoppa, har fleire syrarar betalt menneskesmuglarane store summar for å bli frakta frå Tyrkia til Italia.

Frå torsdag til fredag blei det berre registrert to båtar med flyktningar til Hellas frå Tyrkia, opplyser greske tenestemenn til nyheitsbyrået DPA.

Medan det i februar kom rundt 2.000 flyktningar og migrantar dagleg, har gjennomsnittstalet per dag no falle til knapt 30.

Samtidig er to ukrainske statsborgarar arrestert i Italia etter å ha smugla 16 syriske flyktningar i ein båt frå Tyrkia til Sør-Italia.

Italiensk politi opplyste fredag at dei rykte ut etter å ha fått meldingar om at åtte menn, seks kvinner og to barn blei sett gåande på ei strand i våte kle i den sørlege regionen Calabria. Politiet stoppa deretter den 33 fot store båten som skal ha transportert syrarane til Italia og arresterte dei to ukrainarane.

Syrarane skal ha betalt rundt 5.000 euro (46.000 kroner) kvar for reisa, opplyser ei talskvinne for politiet til nyheitsbyrået AFP.

– Dei åtte siste månadene har vi registrert rundt 20 tilfelle av flyktningar som har kome med båt frå Tyrkia eller Hellas, seier Antonello Maggiore. (©NPK)

Annonse