Klargjør siden...
Annonse

Nesten heile styret i Oslo Frp seier ja til attval

Då Frp-leiinga ekskluderte fylkesleiaren i Oslo Frp, fjerna dei samtidig heile styret. No har dei fleste sagt ja til attval, fortel TV 2.

Ketil Solvik-Olsen, som leiar arbeidde med å byggje opp att Oslo Frp, stadfestar dette overfor kanalen.

– Valkomiteen er i arbeid før årsmøtet og har spurt alle som sat i styret, om dei ønskjer attval, og alle som har svart, seier ja, opplyser Solvik-Olsen.

Fylkesstyret som vart fjerna før jul, var sett saman av elleve faste medlemmer, men no er det berre åtte igjen. Dei tre som er gått ut, er den ekskluderte fylkesleiaren Geir Ugland Jacobsen, hans allierte Kent Andersen og tidlegare styremedlem Dag Myhre.

Både Andersen og Myhre har meldt seg ut av partiet, ifølgje TV 2.

I tillegg kjem partileiar Siv Jensen og Christian Tybring-Gjedde, som automatisk er med i styret som stortingsrepresentantar.

Det nye styret skal veljast under årsmøtet 6. mars. Veka etter, 13. mars, er det nominasjonsmøte i Oslo Frp.

(©NPK)

– Valkomiteen er i arbeid før årsmøtet og har spurt alle som sat i styret, om dei ønskjer attval, og alle som har svart, seier ja, opplyser Ketil Solvik-Olsen. Foto: Berit Roald / NTB