Nesten éin av tjue på arbeidsavklaringspengar
(NPK-NTB): I dag får 4,5 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år arbeidsavklaringspengar. Det er noko færre enn for eitt år sidan, men mykje av nedgangen kjem av overgang til uføretrygd, viser nye tal frå Nav.
Ved utgangen av september fekk i alt 149.300 personar arbeidsavklaringspengar (AAP). I dei yngste aldersgruppene er det ein liten auke, og svært mange av dei det gjeld, har psykiske lidingar. Seks av ti mottakarar er kvinner.
– For første gong er det færre enn 150.000 personar som får arbeidsavklaringspengar. Det kjem av at mange av dei som har gått på ordninga lenge, no har fått uføretrygd, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav
I gruppa som ikkje lenger får arbeidsavklaringspengar, kom 40 prosent i jobb, mens over 30 prosent vart uføretrygda.
I aldersgruppa under 30 år får 27.900 personar AAP. Det er 3 prosent fleire enn på same tid i fjor, og svarar til 3,4 prosent av befolkninga i alderen 18 til 29 år. Delen med psykiske lidingar i denne aldersgruppa er heile 68 prosent.
Rogaland og Sogn og Fjordane er fylka der delen av befolkninga som får arbeidsavklaringspengar, er lågast, med høvesvis 3 og 3,7 prosent. Flest mottakarar er det i Aust-Agder, der delen på AAP er 5,7 prosent. (©NPK)