Netanyahu får kritikk for hårreisande pengebruk

(NPK-NTB): Statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, må enda ein gong tole krass kritikk for den ekstravagante bruken av skattepengar.

Søkjelyset blir no retta mot den det fem dagar lange statsministerbesøket i New York i fjor, der rekninga enda på over 4,5 millionar kroner, skriv israelske medium.

Netanyahu brukte mellom anna vel 13.000 kroner på å stelle håret under besøket, og nærare 15.000 på sminke, går det fram av ein rapport som statsministerkontoret i det lengste har prøvd å halde unna allmenta. (©NPK)