Klargjør siden...

NetCom skiftar namn til Telia

(NPK-NTB): NetCom skiftar 1. mars namn til Telia. Målet er å byggje opp ei felles merkevare i heile Norden.

Svenske Telia kjøpte NetCom allereie i 2000, men det er først no namneskiftet kjem.

– Vi har ei spennande reise bak oss, men den viktigaste reisa har vi framfor oss. Første steg på vegen er å synleggjere at vi er ein del av Nordens største mobilselskap, som utviklar digitale tenester og kunnskap på tvers av grenser, seier Abraham Foss, som er administrerande direktør i Telias norske verksemd.

Konsernet varslar at namnebytet skal markere ei styrkt satsing i Noreg. Telia lovar å fortsette å byggje ut mobilnettet sitt i Noreg. (©NPK)

Annonse