New York-guvernør vil påby munnbind i butikkar

New York-guvernør Andrew Cuomo seier han vil underteikne eit dekret som tillèt butikkar og andre bedrifter å nekte kundar som ikkje bruker munnbind, tilgang.

Cuomo kom med kunngjeringa på Twitter torsdag.

Butikkeigarar har rett til å verne seg sjølv, sine tilsette og andre som er i butikken, kommenterer guvernøren om innlegget, ifølgje Guardian.

Demokraten Cuomo har fleire gonger sagt at bruk av munnbind kan avgrense spreiinga av koronaviruset.

New York er den hardast ramma delstaten i USA og har nesten 30.000 av dei i alt over 102.000 koronadødsfalla i landet.

(©NPK)

New York-guvernør Andrew Cuomo vil la butikkeigarar nekte kundar som ikkje bruker munnbind, tilgang. Foto: AP / NTB scanpix