Klargjør siden...
Annonse

NFF snur – Shala får spele mot Rosenborg

NFF snur og stryk begge dei gule korta Vålerengas Herolind Shala fekk mot Stabæk. Dermed kan midtbanespelaren spele kampen på onsdag mot Rosenborg.

– Vi har fått melding om at Herolind Shala har rett til å spele kampen på onsdag, i tråd med gjeldande Reaksjonsreglement, opplyser Vålerenga på Twitter måndag.

Tidlegare på dagen sa leiar for juridisk seksjon i Norges Fotballforbund, Espen Auberg, at sjølv om Shala slapp suspensjon etter to gule kort i Stabæk-kampen, må han likevel stå over eliteseriemøtet på onsdag med Rosenborg. Dette fordi han pådrog seg nytt gult kort i kampen mot Viking og dermed stod med fem gule kort totalt.

Men no blir dei gule korta frå Stabæk-kampen styrkte, og Shala får dermed spele eliteseriekampen på onsdag mot Rosenborg.

– Vi har no teke ei ny vurdering av dette, og konkludert med at begge dei to gule korta blir strokne frå teljinga av gule kort med omsyn til karantene. Shala står då registrert med to gule kort, frå kampane mot Sarpsborg 08 og Viking, og skal ikkje sone karantene for gule kort før han eventuelt får ytterlegare to gule kort denne sesongen, opplyser Aurberg til Eurosport.

(©NPK)

Herolind Shala under eliteseriekampen i fotball mellom Vålerenga og Viking på Intility Arena. Nå er det klart at han likevel får spele onsdagens kamp mot Rosenborg. Foto: Annika Byrde / NTB scanpix