Klargjør siden...
Annonse

NFF støttar Infantino

(NPK-NTB): Norges Fotballforbund (NFF) vil støtte Gianni Infantino når Fifa skal velje ny president i slutten av februar.

Presidentvalet i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) skjer i Zürich 26. februar.

Forbundsstyret i NFF har gitt fotballpresident Yngve Hallén mandat til å stemme på Infantino.

Sveitsaren Infantino er i dag generalsekretær i Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

– Vi vil arbeide for at så mange nordiske land som råd står samla bak Infantino. Han har vore viktig i den nødvendige reformprosessen som no er på plass. Han er ikkje minst utolmodig med tanke på å få implementert reformer, seier avtroppande fotballpresident Yngve Hallén i ei pressemelding.

– Infantino har i jobben sin som generalsekretær i Uefa vore opptatt av å ha ein tett dialog med medlemsnasjonane gjennom regionale strategimøte. Og han har vist at han forstår kva som krevst for at Fifa og den internasjonale fotballen skal vinne tilbake tilliten, seier Hallén.

Måndag presenterte Infantino ein plan med elleve punkt som han skal gjennomføre dei tre første månadene viss han blir valt.

– Han må levere på desse 90 dagane med ein einaste gong og vise at det er dette han vil, sa Hallén til NRK måndag. (©NPK)

Annonse