Annonse

NFF vurderer å flytte heimekampen mot Tyrkia ut av Noreg

Frykt for at norske koronatiltak vil stanse Noreg – Tyrkia i VM-kvalifiseringa gjer at fotballforbundet vurderer ulike måtar å avvikle kampen på, fortel TV 2.

Blant dei moglege scenarioa er å flytte kampen utanlands, slik at han ikkje blir påverka av dei særlege strenge restriksjonane til norske styresmakter.

– Vi vurderer fleire alternativ. Ullevaal er sjølvsagt det vi ønskjer, samtidig som vi må vere førebudde på at planane må endrast på grunn av smittesituasjonen, seier Gro Tvedt Anderssen, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norges Fotballforbund, til TV 2.

Slik situasjonen er no, vil ei rekkje internasjonale idrettsarrangement på norsk jord trenge unntak frå karantenereglane ved innreise til landet for å kunne gjennomførast.

Dette gjeld mellom anna rundt 30 verdscuprenn på ski og heimekampen til fotballherrane mot tyrkarane. Toppfotballen har frå før unntak frå karantenereglane, men berre éi positiv koronaprøve i troppen vil vere nok til at heile laget blir plassert i karantene.

Noreg spelar borte mot Gibraltar 24. mars, heime mot Tyrkia 27. mars og borte mot Montenegro 30. mars. Anderssen vil ikkje svare konkret på om landslaget vurderer å bli igjen i Sør-Europa etter Gibraltar-kampen for å møte tyrkarane der.

– Vi vurderer fleire alternativ. Vi går ikkje inn på detaljar.

(©NPK)

Fotballherrane til Noreg kan måtte spele heimekampen mot Tyrkia i utlandet dersom dei ikkje får karanteneunntak av norske helsestyresmakter. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB