ANNONSE
Annonse

NFO byter forhandlingsleiar i møte med Riksmeklaren

Jan Skogseth, leiar av Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO), blir bytt ut i forhandlingsmøtet med NHO Luftfart hos Riksmeklaren, skriv VG.

– Vi stiller utan Jan Skogseth i dag, seier SAS-foreiningsleiar Øystein Eliassen til avisa.

Skogseth er framleis NFOs offisielle forhandlingsleiar, men det er tariffleiar Petter Wettre som leier forhandlingane torsdag, opplyser Eliassen.

– Det er berre med godvilje til møtet i dag at vi gjer dette, for å prøve noko nytt, seier Eliassen.

Partane skal møtast til mekling i dag klokka 15 for å prøve å finne ei løysing på den pågåande flyteknikar-streiken.

(©NPK)

ANNONSE
Annonse