Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ni utøvarar vart avslørte som juksemakarar då Antidoping Norge ville teste elleve deltakarar under fitness-NM.
npk@npk.no
Publisert: 01.04.2016 kl 13:22
– Haldningane i vårt miljø er på lik linje med veldig mange andre miljø. Dette er unntak frå regelen, hevdar antidopingansvarleg Joakim Stenerud i Norges kroppsbyggjar og fitnessforbund (NKF) overfor TV 2.
Då NM i kroppsbygging og fitness vart arrangert i Oslo i slutten av september i fjor, vart det for første gong på nesten tjue år tatt dopingprøvar av utøvarar. Resultatet er nedslåande.
Fem nekta å la seg teste, mens fire av dei seks siste hadde positive prøver. Nekting blir rekna som ein positiv dopingprøve.
– At ni er tatt viser at det absolutt er grunn til å drive antidopingarbeid i dette miljøet, seier leiar av Antidoping Norge Anders Solheim, til Adresseavisen.
– Kva skal ein seie? Når det gjeld resultata er det ikkje anna å gjere enn å legge seg flat. Det er aldri hyggeleg når personar testar positivt, seier Joakim Stenerud.
I november i fjor vart NM-vinnaren av «classicklassa» siktet for kjøp, rådvelde og bruk av steroid og veksthormonar. Politiet tok beslag i rundt 60.000 milligram anabole steroid hos mannen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.