Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Til saman ni bruer i Noreg har lik konstruksjon som Perkolo bru – limtrebrua som kollapsa ved Sjoa onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 18.02.2016 kl 15:39
Den kollapsa brua går over den kommande E6-en som ei eittfelts lokalveg-bru og er ein del av det nye E6-prosjektet mellom Ringebu og Otta.
Det er til saman seks limtrebruer på den nye E6-strekninga, som vart bygd i perioden desember 2014 til september 2015, opplyser Statens vegvesen.
– Statens vegvesen har ansvaret for 55 vegbruer i tre som per i dag er opne for allmenn ferdsel. Ni av desse er fagverksbruer i limtre av tilsvarande type som Perkolo bru. Denne brua har ei litt spesiell konstruksjonsløysing. Men det har ikkje vore bereevnemessige problem med slike bruer før, seier Børre Stensvold, leiar av bruseksjonen i Vegdirektoratet.
Totalt har Vegvesenet ansvaret for til saman 134 bruer i tre på vegnettet. 79 av desse er på gang- og sykkelvegnettet.
Dei ni limtrebruene som har tilsvarande konstruksjon som Perkolo bru, er:
Moumbekken bru på riksveg 111 i Østfold, Statsrådsveien på E6 i Akershus, Sundbyveien på fylkesveg 507 i Akershus, Fjell-Leet på E6 i Akershus, Blakkesrud bru på E6 i Akershus, Sletta bru på E6 i Akershus, Evenstad bru på fylkesveg 606 i Hedmark, Nye Flisa på fylkesveg 206 i Hedmark og Tretten på fylkesveg 254 i Oppland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.