Ni døde i sjukehusbrann i Taiwan
Minst ni pasientar omkom då det begynte å brenne inne i eit sjukehus nord i Taiwan måndag.
Brannen braut ut måndag morgon på ein pleieheim som høyrde til eit sjukehus i byen Taipei, heilt nord i landet.
Her var 33 svært sjuke pasientar innlagte, ifølgje statlege medium. I tillegg til dei ni som omkom, vart ti andre kritisk skadde.
Brannen, som var under kontroll etter ein time, vil bli etterforska.
(©NPK)