Annonse

Ni drepne av bilbombe i Libanon

(NPK-NTB-Reuters): Minst ni menneske vart drepne og fire vart såra då ei bilbombe eksploderte nordaust i Libanon torsdag, opplyser tryggingskjelder.

Bilbomba eksploderte i byen Arsal, der stridande syriske grupper har gjennomført ei rad angrep og aksjonar dei siste åra.

Arsal ligg 124 kilometer nordaust for Beirut og innbyggjarane er i hovudsak sunnimuslimar.

Etter at libanesiske sikkerheitsstyrkar i fjor haust arresterte ein av leiarane i Nusrafronten, al-Qaidas forlengde arm i Syria, angreip opprørarar frå gruppa politistasjonen i Arsal og tok 16 politimenn som gislar.

Opprørarane tok deretter kontroll over mesteparten av byen, før han vart teken tilbake av regjeringsstyrkar.

30 opprørarar, ti regjeringssoldatar og to sivile vart drepne i kampane om byen. (©NPK)

Annonse